Braut besøksforbod og utøvde vald

Publisert 16.04.2018 kl. 14.25.

 


Sogn og Fjordane tingrett har fastsett straffa til 45 dagar på vilkår etter at ein sogning i 40-åra vart funnen skuldig i to brot på besøksforbod og ei hending med utøving av kroppskrenkelse.


Det siste fann stad då han møtte opp på eit årsmøte i eit grendelag han var ekskludert frå. Der oppstod det først høglydt krangel, før han ifølgje dommen slo fornærma i hovudet bakfrå.


Dette fekk retten prova gjennom opptak av både lyd og bilete. Tingretten skulle også ta stilling til aktor sin påstand om inndraging av tiltalte sin bil, dette førte ikkje fram.


Les meir om: Nyhende Notis