Brannvesenet måtte sjekka tunnel

Publisert 12.08.2018 kl. 22.45. Oppdatert kl. 22.48.

Fodnestunnelen på rv. 5 i Lærdal vart stengd ein kort periode søndag kveld.


Årsaka var at ein brannsløkkjar var fjerna, meldte Vegtrafikksentralen klokka 22.05.


Om lag ti minutt seinare var tunnelen opna for trafikk att. Brannvesenet hadde sjekka og funne at alt var i orden i tunnelen.


 


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal Trafikk