- STERK POSISJON: - At Leikanger blir regionsenter i nye Statens vegvesen, er inga kriseløysing for det lokale miljøet. Det betyr ein sterk posisjon vidare, skriv dei lokale listetoppane i Venstre, Høgre, KrF og Framstegspartiet i ei pressemelding.

Blir regionalt senter: - Inga kriseløysing

- Dette er langt frå noko kriseløysing for Leikanger-miljøet.

Publisert 25.06.2019 kl. 12.24. Oppdatert kl. 13.31.

Det seier dei lokale listetoppane for Høgre, Venstre, KrF og Framstegspartiet, etter at regjeringa har vedteke at Leikanger skal bli regionalt senter i nye Statens vegvesen.


- Sterk posisjon

Leikanger skal framover styra den regionale delen av vegdivisjonen, og divisjon for transport og samfunn.


- Dette er langt ifrå noko kriseløysing for Leikanger-miljøet. Saman med den fylkeskommunale vegforvaltninga, som også skal leiast frå Leikanger, betyr det tvert imot ein sterk posisjon vidare, seier Trude Risnes (V), Arne Glenn Flåten (H), Frode Bøthun (KrF) og Rita Navarsete (Frp) i ei pressemelding.


- Vår jobb som lokalpolitikarar er no å jobba knallhardt vidare med å leggja til rette for både Statens vegvesen, fylkeskommunen og andre.


- Jobba hardt

Dei fire listetoppane seier dei over lang tid også jobba hardt for å få lagt ei divisjonsleiing til Leikanger.


- Dette fordi me veit at fagmiljøet handterer ei slik oppgåve, og fordi me veit at nye Sogndal leverer godt på nasjonale oppgåver. Me tek den jobben vidare, og meiner at status som regionalt senter er eit godt utgangspunkt. Stor omstilling skjer både i offentleg og privat sektor. Det er alltid krevjande. Samstundes: fagmiljøa på Leikanger har alltid stått seg på at dei løyser oppgåvene godt. Det er det desse miljøa har vakse fram frå, og vil utvikla seg vidare på. Det er vår oppgåve som lokalpolitikarar støtte opp om og kjempa for, seier dei.


Siste saker Gå til framsida