BLIR STATSSEKRETÆR: Tidlegare stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane Sveinung Rotevatn (V) blir statssekretær. (Pressefoto/Venstre)

Blir Listhaug si høgre hand

Publisert 17.01.2018 kl. 15.31.

Tidlegare stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn (V) frå Eid, vert statssekretær for statsråd Sylvi Listhaug (Frp) i Justis- og beredskapsdepartementet.


Det vart klart då Erna Solbergs utvida regjering vart presentert onsdag.


- Rotevatn hadde nok ikkje takka ja til kva som helst slags statssekretærpost. Dette blir ein jobb med ganske mykje påverknadskraft, og ein posisjon der han får utnytta sitt politiske talent til det fulle, seier kommentator Magnus Takvam i NRK.


Direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet Atle Hamar (V) frå Jølster blir statssekretær for statsråd Ola Elvestuen i Klima- og miljødepartementet.


Les meir om: Nyhende Politikk