Blir aldri lei av Lego

Geir Roar Vee er 41 år og ønskjer seg Lego til jul.

Publisert 17.12.2016 kl. 09.00.

- Eg skal innrømma at ho eg er saman med og mi kjære mor stussa når eg ønskte meg ei folkevogn i Lego og den store nye Big Ben. Det er jo ikkje akkurat standard juleønsker for ein mann på 41 år, men sånn er det no berre, seier Vee og ler.

ARCHITECTURE: Heime i huset sitt på Farnes i Øvre Årdal har Geir Roar Vee fylt skap og vegger med berømte skyskraparar, velkjende bygningar og ikoniske konstruksjonar frå Lego-serien Architecture.

Kjende bygningar

Han har fylt huset sitt på Farnes i Øvre Årdal med berømte skyskraparar, velkjende bygningar og ikoniske konstruksjonar.


- Akkurat no byggjer eg Buckingham Palace, seier han, medan han konsentrert leitar etter neste kloss som skal plasserast på brettet.


Fingrane jobbar på spreng. Sakte, men sikkert reiser bygget seg.


- Når eg får setja meg ned i fred og ro med tusen byggjeklossar og god musikk på anlegget, då er det kos i heimen.


Han tek seg ein slurk av julebrusen.


- Lego er for meg som ei god bok for andre. Når eg får setja meg ned å putla på å byggja, ja då kosar eg meg.


Men han er klar på ein ting;


- Eg leikar ikkje med Lego, eg byggjer Lego. Det høyrest kanskje litt nerdete ut, men det er moro. Og når eg har bygd eitt sett må eg byggja eit nytt.

MYKJE JOBB: Desse husa brukte Geir Roar ein del ettermiddagar på. - Eg har slutta å telja klossar. Jo fleire jo betre, seier han.

Dyr hobby

Kor mykje pengar 41-åringen brukar på lego i løpet av eitt år, vil han ikkje ut med, men vedgår at det er ein dyr hobby.


- Eg veit kor mykje pengar eg brukar på Lego, ja. Men andre brukar pengar på fine bilar og andre på Lego, smiler han og peikar på glasskapet som står i gangen.


- Her ser me det skeive tårnet i Pisa, Eiffeltårnet og det kvite hus. Dette er frå favorittserien min som heiter Architecture.

GLER SEG: Geir Roar gler seg til å ta fatt på Tower Bridge med over 4.000 klossar.

Fulle klesskap

Interessa for Architecture og dei store husa starta for fem år sidan då han flytte inn i det nye huset sitt.


- I dag finst mykje Lego for vaksne, men det kostar og det er plasskrevjande. Når eg får bygd alt eg har ståande så vil det bli fullt rundt om kring.


På loftet har han fylt eit klesskap med legoklossar, sortert etter storleik og farge, medan det står fleire esker med uopna sett i eitt anna skap.


- Dei står på vent og skal byggjast ein eller annan gong. Mellom anna har eg Tower Bridge på fire tusen bitar som eg gler meg til å starta på. Og så har eg eitt sett som blir til ei heil julegata til slutt. Den må opp no snart.


Fascinerande

Han fortel at Lego er noko som har fascinert han heile livet.


- Då eg blei vaksen og fann ut at det finst ein del Lego for vaksne ungar, noko eg betraktar meg som, så måtte eg byrja å handla på det.


Og når det er ungar på besøk i heimen, blir han minst like ivrig.


- Då ligg eg gjerne på golvet og er like engasjert, men dei får ikkje leika med Architecture-serien min. Den har eg plassert strategisk opp i høgda, seier han.


Handlar lokalt

Legoen handlar han lokalt på bokhandelen Luster bok. Kvart år kjem det folk frå heile landet til kjøpesenteret Pyramiden for å handla Lego i bokhandelen, som er mellom dei fem største i landet på utval.


- Her får du tak i det meste. Eg har handla mykje, så i førre veka fekk eg melding frå han som driv butikken om at han hadde fått tak i to godbitar og lurte på om han skulle leggja av til meg. Ja gjerne! Eg tykkjer det er stas når eg skal på hytta i Luster og kan stikka innom den lokale butikken som har eit fantastisk utval av Lego.


Les meir om: Nyhende Video Årdal