Bilførar køyrde vidare frå kollisjon og hamna utfor vegen

Publisert 14.09.2019 kl. 07.58. Oppdatert kl. 09.58.

Ein personbil køyrde utfor vegen på Håbakken i morgontimane laurdag.


Politiet fekk melding om hendinga cirka klokka 07.25, og det vart sendt politipatrulje og ambulanse til staden


Utforkøyringa skjedde ved rundkøyringa på Håbakken på rv. 5/E16 i Lærdal. 


- Det viser seg at personbilen først kolliderte med ein annan personbil i Lærdal, og køyrde vidare, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.


I rundkøyringa på Håbakken hamna personbilen utfor vegen. Mannen som køyrde bilen vart plukka opp av ein annan bil og reiste avgarde. Politiet fann føraren og følgjer opp saka.


- Han framstod som rusa og blir teken med til legevakt for å ta blodprøve, seier Rebnord.


Det er også forventa at det å køyra avgarde frå trafikkuhell vil få eit etterspel.


Det er ikkje meldt om personskade etter hendingane.


 


Les meir om: Nyhende Lærdal Politi

Siste saker Gå til framsida