Bil snurra rundt - ein person til legevakt

Publisert 23.03.2019 kl. 20.13.

På rv. 15 på Langsethøgda i Nordfjord snurra ein bil rundt laurdag kveld, og vart ståande slik at vegen delvis var sperra.


Det var ein bil og ein person involvert i uhellet. 


Politiet opplyser at personen vart køyrd til legevakt med ambulanse. Det er ikkje mistanke om promille.


Vegen er open for fri ferdsel att.


Les meir om: Nyhende Politi Trafikk

Siste saker Gå til framsida