Arkivfoto

Bil med fem personar køyrde i fjellveggen

Vegen er opna att etter ei trafikkulukke på fylkesveg 53.

Publisert 20.03.2019 kl. 12.01. Oppdatert kl. 13.01.

Klokka 12.04 opplyser politiet på Twitter at det hadde vore ei trafikkulukke i Naustbukttunnelen på fv. 53 i Årdal, og at ein personbil har køyrt i fjellveggen.

Personbilen kom køyrande frå  Tangen og var på veg mot Øvre Årdal då den traff fjellveggen i Naustbuktunnelen, som er det siste av dei tre tunnelane på fv. 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen.

Bilen snurra rundt, og det er førebels uvisst korleis det står til med dei fem som var i bilen - utover at dei skal vera medvitne.

- Det var forbipasserande som kom til som tok hand om personane i bilen og fekk dei frakta ut av tunnelen, seier Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidristrik til Sogn Avis.

- Dei fem personane vart undersøkte av helsepersonell. Ein av dei vart sendt til sjukehus, men me kan førebels ikkje seia noko om skadeomfanget, legg han til.

 Ein entreprenør er tilkalla for å sjekka tunnelen, bilbergar er bestilt, opplyser politiet på Twitter.

Fv. 53 Naustbukttunnelen er no open for trafikk, melder Vegtrafikksentralen klokka 13.56.

Vegtrafikksentralen melde klokka 12.50 at Naustbukttunnelen på fv. 53 i Årdal hadde manuell dirigering etter å ha vore stengd i ein times tid.

Klokka 13.56 melder Vegtrafikksentralen at vegen er open for trafikk.

 


Les meir om: Nyhende Politi Trafikk Årdal