I FJÆRESTEINANE: Bilen vart liggjande på taket halvveges ut i fjorden. (Foto: Terje Weka)

Bil køyrde i fjorden - kom frå det med skrekken

Hamna på taket og delvis ut sjøen.

Publisert 14.01.2019 kl. 06.03. Oppdatert kl. 10.12.

Politiet melder på twitter like etter klokka 05.00 måndag morgon at  eit køyretøy har køyrd av vegen på Fv 331 Sørsidevegen ved Skjolden i Luster.


Førar som var åleine i bilen har komme seg ut av køyretyet og i land.


Politi og ambulanse rykte ut til staden.


 Klokka 06.00 seier Dag Olav Sætre ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt til Sogn Avis at politi og ambulanse er på staden.


- Dei har snakka med mannen som er i 50-åra. Han framstår uskadd, men er kald og naturlegivs litt sjokkert, seier Sætre.


Mannen skal ha gått halvanna kilometer til næraste hus for å varsla om ulukka.


Glatt

Politiet sin patrulje på staden rapporterer at det er vanskelege køyreforhold og glatt.


- Bilen køyrde av vegen i ein sving og ligg på taket i fjæra, delvis ut i sjøøen, seier Sætre.


Sjølve årsaka til ulukka kan dei ikkje seia noko om.


 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende

Siste saker Gå til framsida