Bil hamna på taket på rv. 15

Publisert 09.11.2019 kl. 08.11.

Ein bil snurra rundt og hamna på taket på rv. 15 ved Raudeberg i Nordfjord natt til laurdag.


Politiet fekk melding klokka 00.39, og naudetatane rykte ut.


Det var to personar i bilen, og dei framstod ifølgje politiet som uskadde men vart sjekka av helsepersonell på staden.


Politiet opprettar sak etter hendinga.


Les meir om: Nyhende Notis Politi