ULUKKE: Ein bil køyrde utfor vegen og hamna på taket på fv. 55 Sognefjellet laurdag kveld. (Foto: Morten Aardal)

Bil hamna på taket - to menn sende til sjukehus

Publisert 29.06.2019 kl. 19.02. Oppdatert kl. 20.38.

Ein bil har køyrd av vegen på fv. 55 mellom Turtagrø og Oskarshaug.


Bilen, som det var to personar i, hamna på taket.


Dei er begge komne ut av bilen, opplyser politiet klokka 18.55 laurdag. Skadeomfanget er ikkje avklart.


- Dei er oppegåande, men det er meldt om at dei har smerter i ryggen. Det skal ikkje ha vore andre bilar involvert i hendinga, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt.


Klokka 19.30 var ambulanse komen til staden.


Klokka 20.20 opplyser politiet at førar og passasjer blir sende til Førde sentralsjukehus. Begge er menn i 40-åra.


Til politiet har føraren forklart at han ikkje var merksam nok, og kom utanfor asfaltkanten.


Les meir om: Nyhende Luster Politi

Siste saker Gå til framsida