Betydeleg snøskredfare i Jotunheimen

Publisert 02.04.2019 kl. 06.59.

Varsom.no melder om betydeleg snøskredfare, som er farenivå 3, tysdag.


Det er vedvarande svake lag i snødekket som kan verta påverka av ein skiløpar eller skuter. Fjernutløysing av skred er mogeleg. Fokksnø i høgden kan også gje skred, går det fram av snøskredvarselet.


Dei siste dagane er det rapportert om fleire store skred frå hele regionen, vert det opplyst.


I Indre Sogn vert det meldt om moderat fare for skred tysdag, og folk vert bedne om å vera varsome i område med ustabile fokksnøflak. Det er også vedvarande svake lag lenger ned i snødekket som kan verta påverka der snødekket er tynt, går det fram av meldinga.