Betydeleg og stor snøskredfare

Publisert 23.03.2019 kl. 17.37. Oppdatert kl. 09.29.

Søndag er det meldt om faregrad 3, betydeleg snøskredfare, i Indre Sogn og Jotunheimen. 


I Indre Fjordane er framleis snøskredfaren på grad 4, som betyr at det er svært stor fare for skred.


Laurdag var det stor snøskredfare også i Indre Sogn. 


- Kraftig vind og mykje nedbør vil føre til stor vindtransport av snø inn i leheng. Skred kan løysast ut både naturleg og av skiløper. Unngå alt skredterreng, melder varsom.no.


Vêret burde ikkje freista til turaktivitetar, men skred kan også treffa skredutsette vegar og busetnad.


Les meir om: Nyhende Fjellsport Notis Uvêr

Siste saker Gå til framsida