Ein person hamna på elva Fardøla i nærleiken av Øvstetunfossen fredag. (Foto: Hanne Stedje)

Berga kvinne opp frå elv

Fall ut i då ho prøvde å redda hunden.

Publisert 12.07.2019 kl. 11.37. Oppdatert kl. 12.53.

Naudetatane rykte fredag ut etter melding om at ein person hamna på elva Fardøla i nærleiken av Øvstetunsfossen i Øvre Årdal.


Brannvesenet har håp om å få personen opp av elva, vart det opplyst på politiets operasjonssentral. Like etter, klokka 11.40, opplyser Alarmsentralen at kvinna er komen på land.


Kvinna var på tur med hunden, då hunden sklei ut i elva.


- Hunden har glidd på svaberga rett under den nederste brua. Eigaren har sklidd etter for å berga hunden, og hamna i ein kulp like ovanfor Øvstetunsfossen, seier lensmann Magne Knudsen.


Beredskap og ambulanse var raskt på staden, og hadde det naudsynte utstyret for å få opp kvinna. 


Magne Knudsen er letta etter at kvinna vart berga på land.


- Dette kunne verkeleg gått skikkeleg ille. Det er svært strie stryk på staden, seier Knudsen.


Kvinna framstod som fysisk uskadd, men prega. Ho vart send til legevakt for grundig sjekk. Hunden vart også berga opp.


 


Les meir om: Nyhende Årdal

Siste saker Gå til framsida