Berga 109 sauer frå fjøsbrann: - Det kunne gått mykje verre

Måndag tok det til å brenna i ein fjøs i Gaupne i Luster.

Publisert 11.02.2019 kl. 11.54. Oppdatert kl. 15.33.

Politiet fekk melding klokka 11.51, og alle naudetatar rykte ut til staden.


Brannen oppstod i fjøset på eit gardsbruk med 109 sauer.

Naudetatane har rykt ut til ein brann i eit fjøs i Luster. (Foto: Wenche Schancke Eikum)

Fekk dyra ut

- Det var jammen bra dette ikkje skjedde midt på natta. Eg er glad for den tjukke betongplata mellom fjøsen og løa, det har nok berga løa, seier Karsten Kristensen.


Det er sonen hans som driv garden, og Kristensen fortel at brannalarmen gjekk ikkje lenge etter at sonen hadde teke fjøsstellet.


- Eg fekk eit forvarsel då lysa i huset byrja å blinka. Eg gjekk ut for å sjå og då gjekk alarmen, seier bonde Stein Helge Kristensen.


Han tømde eit brannsløkkingsapparat mot brannen, men det var ikkje nok.


- Eg opna døra, byrja å plystra og då kom sauene springande. Dei er vane med å gå ute. Men det var nokre som var verande att, og eg kunne ikkje gå inn att etter dei, seier Kristensen.


Røykdykkarar frå brannvesenet fekk ut desse.


Veterinær skal no sjekka dyra.


 

RØYK: Det var ein del røykutvikling frå brannen. (Foto: Karsten Kristensen)

Sløkt

I 12.15-tida opplyser Sogn Avis sin reporter på staden at det var tre brannbilar på tunet. Det var også politi og ambulanse til stades. Klokka 12.16 stadfesta politiet at brannen var sløkt.


Mange sauer var komne ut av fjøset, og det kom ikkje lenger røyk frå brannen. 


- Då politiet kom fram var brannen allereie sløkt, og alle dyra var ute, seier innsatsleiar i politiet, Sondre Lillebostad.


Bonden hadde fått ut ein del av dyra sjølv, og resten tok brannvesenet med fire røykdykkarar seg av.


Politiet skal etterforska på vanleg måte og undersøkja brannstaden nærare i løpet av veka.


- Det var opne flammar i starten. Dette har etter måten gått bra - det kunne gått mykje verre, seier Elmer Sjøvoll i Sogn brann og redning.


Les meir om: Nyhende Luster Politi