PENGAR TIL ETABLERING: Kommunane i Sogn regionråd er bedne om å støtta opp om etablering av sjøredningsbase i Leikanger. Fotoet er frå då Redningsselskapet var på besøk i haust. (Arkivfoto)

Ber kommunane om pengar til sjøredningskorps

- Me håpar kommunane i Indre Sogn ser nytten av etableringa til Redningsselskapet og vil vera med på spleiselaget, heiter det i oppmodinga.

Publisert 12.12.2018 kl. 18.35.

Det skal etablerast eit sjøredningskorps i Leikanger og Leikanger kommune har allereie løyvd inntil 1,2 millionar kroner til etableringa.


No har ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd og Arne Inge Synnevåg, leiar for Redningselskapet sitt sjøredningskorps i Leikanger, sendt brev til dei andre åtte kommunane i Sogn regionråd. 


Der søkjer dei om støtte på 150.000 kroner frå kvar kommune til etablering av ny sjøredningsbase for indre delar av Sognefjorden. 


Frå Kyrkjebø

Basen er tenkt å dekkja området frå Høyanger/Kyrkjebø og inn fjorden og vert ein viktig del beredskapen i Indre Sogn. 


Argumenta for å etablera ei sjøredningsteneste er mange, heiter det i søknaden. 


Mellom anna er det 300.000-400.000 cruisepassasjerar til Flåm og Skjolden, 3.974 fritidsbåtar registrert i fylket og omfattande ferje- og yrkesbåttrafikk. I tillegg har Sognefjorden kompleks infrastruktur med mellom anna lange fjorarmar og lange tunnelar. Det er ofte tøffe vêrforhold, noko som gjer at sjøvegen ofte vert einaste tilgjengelege trafikkåre. 


 


 


Ikkje driftstilskot

Leikanger har allereie løyvd inntil 1,2 millionar til etableringa. Ettersom kostnadsestimatet for etablering ligg på 2,4 millionar kronervert det difor søkt om at dei andre kommunane i Sogn bidreg med tilskot på 150.000 kroner. 


Basen skal etablerast på Leikanger båtlag sin eigedom i hamna på Hermansverk. Etter basen er etablert, skal det ikjke vera naudsynt med driftstilskot for å halda tenestene og basen i drift. Arbeidet vert utført av frivillige og Redningsselskapet vil ta alle kostnadene i driftsfasen. 


 


Les meir om: Nyhende Beredskap Leikanger