Ber folk få opp nummerskilt på husa sine

Publisert 13.09.2019 kl. 07.48.

Det er snart tre år sidan Vik kommune var ferdig med adressetildelinga, men fleire har framleis ikkje fått montert opp nummerskilta.


Kommunen skriv på heimesida at dei fleste bustadane, fritidsbustadane og næringsbygga knytte til vegparsellar skal ha fått tildelt adresse. Unnataket er dei som ligg til vegparsellar der namnet ikkje er avgjort, eller bygningar som ikkje er knytte til ein vegparsell eller eit område. 


I samsvar med adresseforskrifta i Vik kommune var fristen for å setja opp godkjent skilt med husnummer seks månader etter at adressa var tildelt.


«Alle er plikta til å gjere dette. Kommunen kan gi pålegg og eventuelt utføre dette om eigar ikkje rettar seg etter forskrifta. Eigar vil då bli fakturert. Ein ser no at svært mange ikkje har fått montert opp husnummerskilt, og at mange av dei som har fått det utført har montert skilt som ikkje er godkjent», skriv kommunen på heimesida.


Les meir om: Nyhende Notis Vik