FÅR MIDLAR: Balejazz frå midlar for gåveforsterkingsordninga. Her frå konserten i Kviknehagen under fjorårets festival. (Arkivfoto: Sigrid Nese)

Balejazz får tilskot frå statleg ordning

Staten legg 400.000 kroner på private gåver til kulturlivet i fylket.

Publisert 23.01.2019 kl. 11.15.

Gåveforsterkingsordninga

Gåveforsterkingsordninga vart etablert i 2014.


Ordninga inneber at private pengegåver vert forsterka med eit statleg tilskot på inntil 25 prosent av gåvebeløpet.

Stiftinga Balejazz fekk gåver på til saman 174.390 kroner frå ulike verksemder til gjennomføring av Balejazz 2018. Gjennom gåveforsterkingsordninga har no staten auka beløpet med 43.598 kroner.


400.000 kroner

Førde internasjonale folkemusikkfestival har fått auka gåva dei fekk på 1.430.000 kroner frå Sparebanken Vest med 357.500 kroner frå gåveforsterkingsordninga.


Det betyr at kulturlivet i fylket totalt har fått tilført i overkant av 400.000 kroner frå den statlege ordninga.


Utvida ramma

Ramma for gåveforsterkingsordninga vart utvida med 50 millionar kroner før jul. Desse pengane er no fordelte, og det er ikkje lenger etterslep i utbetalingane til kulturinstitusjonane, går det fram av ei pressemelding frå Kulturdepartementet.


- Gåveforsterkingsordninga er drahjelp frå staten og skal bidra til at kunst- og kulturinstitusjonar intensiverer arbeidet med å skaffa privat finansiering til eigne prosjekt. Det er gledeleg å sjå at ordninga fungerer, og at det kjem meir pengar til kulturlivet, seier kulturminister Trine Skei Grande.


Innvilga alle søknadane

Gåveforsterkingsordninga fekk i 2018 til saman 143 millionar kroner frå speleoverskotet i Norsk Tipping til kulturformål og over statsbudsjettet. Dette gjer at departementet kan innvilga alle søknader for 2018 og søknader overførte frå 2017, går det fram av pressemeldinga.


- I omstillingane som kulturlivet står overfor er det heilt vesentleg at privatpersonar, næringsliv og stiftingar i sivilsamfunnet ser den verdien kunst og kultur har for samfunnet, og at dei ser verdien av å engasjera seg finansielt. Gåveforsterking oppmuntrar sivilsamfunnet til å engasjera seg i kulturlivet, seier Skei Grande, og gler seg over at mange er flittige brukarar av gåveforsterkingsordninga.


- Kulturinstitusjonane ser at dei får mykje igjen for arbeidet med å skaffa private bidrag og får inspirasjon til å satsa. Ordninga bidrar til at institusjonane tenkjer nytt og arbeider meir systematisk med finansiering. Eg trur mange kan få endå meir ut av ordninga ved samarbeid om å henta inn private bidrag.


Les meir om: Nyhende Kultur Balestrand