Avdekte fleire manglar på lys

Publisert 17.05.2019 kl. 07.09.

Under ein kontroll der Vegvesenet var på plass fleire stader i Indre Sogn torsdag, blei det avdekt ei rekke manglar på lys. Dette var på bilar, motorsyklar og på tilhengarar.


- Det er svært viktig å sjekke at alt lys på køyretøy i bruk fungerer som dei skal, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.


Fem lette motorsyklar og ein tung motorsykkel hadde endra køyretøya frå det originale. Nokon av desse endringane gjer at køyretøya støyar for mykje. Desse køyretøya må synast fram for Statens vegvesen for ny godkjenning.


Ein førar vart meld for ikkje å ha førarrett for bil og tilhengar. Ein annan førar vart meld for å køyra med bil og tilhengar utan å ha lys på tilhengaren. 


Eit køyretøy som ikkje hadde utbetra tekniske manglar vart avregistrert. 


Eit køyretøy vart avregistrert for å forhindra bruk. Dette køyretøyet hadde så farlege tekniske manglar at køyretøyet ikkje kunne nyttast.


Ein fekk gebyr for manglande bilbelte.


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk