Aust mot vest på Vikafjellet

Ekstremsportveko har jubileum i år og, under frikøyringskonkurransen på Vikafjellet blir det aust mot vest.

Publisert 28.04.2017 kl. 19.00.

- Årets konsept for jubileet til Veko vil bera preg av det alle frikøyrarar har lurt på i alle år: Kven er best av aust eller vest? Er det Sauda eller Vågå? Er det Noreg eller Sverige? Er det LA eller New York? skriv arrangørane i ei pressemelding.


Opnar Veko

Frikøyringskonkurransen under Ekstremsportveko 2017 er sett til søndag 25. juni. Saman med NC i downhill-sykling, får frikøyringskonkurransen æra av å opna Veko på Voss, som i år har 20-årsjubileum.


I konkurransen blir deltakarane vurdert etter kriteria flyt, linjevalg, air & style og kontroll.


Det vil bli kåra vinner både i dame- og herreklassen, og ein vil få svar på årets store spørsmål: Kva for side av landet/verda er best?


Nytt konsept

Tidlegare år har det vore konkurranse mellom nykommarar og proffe køyrarar. Etter at nykommarane, på "Team Rookie" har vunne tre år, ser arrangørane seg nøydde til å leggja dette konseptet daudt for å unngå nok ein fadese for den eldre garde, heiter det i pressemeldinga.


Sjå bilete frå tidlegare utgåver av konkurransen i bildeserien øvst i denne saka.


Les meir om: Nyhende Fjellsport Vik