Auka temperatur fører til auka fare for våte skred

Publisert 05.04.2019 kl. 07.25.

Varsom.no melder om betydeleg snøskredfare i Jotunheimen også fredag og laurdag.


Det er vedvarande svake lag i snødekket som kan gje store skred, og fjernutsløysing av skred er mogeleg. Temperaturstigning og soloppvarming aukar faren for våte skred, vert det opplyst.


Det vart observert fleire naturleg utløyste middels store og store flakskred i solvendte heng ved Krossbu og Bøvertun torsdag.


I Indre Sogn er det meldt om moderat snøskredfare.