Auka snøskredfare

Faren for snøskred aukar tysdag frå moderat til betydeleg i Jotunheimen og Hallingdal.

Publisert 04.02.2019 kl. 11.12.

Det melder varsom.no.


I snøkredvarselet for Jotunheimen og for Hallingdal tysdag vert det opplyst at det er store mengder laus tilgjengeleg snø i terrenget. Vindauke utover ettermiddagen vil kunne føre til pålagring av fokksnø i lesider og i terreng som samlar fokksnø. Dette vil føra til svekking av svake lag i det gamle snødekket, og skredfaren vil vera raskt aukande i takt med vindauken, vert det opplyst på varsom.no.