FORNYA TILLIT: Eirik Hortemo Vikøren frå Sogndal vart attvald som leiar for 4H Sogn og Fjordane på årsmøtet på Skei i helga. (Foto: Åge Avedal)

Attvald som leiar: - Vil gjera 4H meir synleg

- Eg er stolt og glad over å få fornya tillit som leiar.

Publisert 11.02.2019 kl. 19.30.

Det seier Eirik Hortemo Vikøren (31) frå Sogndal som vart attvald som leiar for 4H Sogn og Fjordane på årsmøtet i helga.

NYE OG GAMLE: Her er gamle og nye medlemer av fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane. F.v. Inger Margrethe Sørland, Camilla Nesheim, Guro Førde, Steffen Fjellestad, Eirik Vikøren, Kristina Støfring, Eirik Førde, Aina Nordgule og Dianne Eikås. (Foto: Åge Avedal)

Unge talarar

Mange tema var oppe under årsmøtet, og det vart vedteke ein uttale som oppmodar om å ta naturen meir i bruk, og samstundes ta vare på den, skriv dei i ei pressemelding.


Mange unge markerte seg også ved å ta ordet under årsmøtet.


- Det var mange gode innspel og diskusjonar. Mange av ungdommane har ikkje vore på ein talarstol før, men under styrekursa i helga fekk dei opplæring og trening i dette, seier Vikøren.


Visjon

Nasjonalt har 4H som visjon å verta større, smartare og synlegare. I Sogn og Fjordane skal dei arbeida med dette på klubbnivå, og under alle arrangementa dei har.


- Mykje spennande vil skje i organisasjonen i alle ledd. Dette ser eg fram til å ta fatt på. Det vil koma ein del endringar. Me vil også oppmoda klubbane våre til å vera meir synlege i lokalmiljøet. I 4H kan ein læra seg nye ferdigheiter, verta kjende med folk frå heile landet, og få verta kjende med nye folk og kulturar på utanlandsreiser.


Nye styremedlemer

På årsmøtet var det også val på nye medlemer til fylkesstyret. Ronja Årskaug Vallestad frå Framsyn 4H i Gaular og Eirik Førde frå alumklubben vart begge valde inn til nye styremedlemer.


Frå før sit Kenneth Solstad frå Bergrosa 4H i Luster og Inger-Margrethe Sørland frå Eggenipa 4H i Gloppen.


Kristina Støfring frå Eikås 4H i Jølster, Camilla Nesheim frå Troda 4H i Bremanger og Guro Vangen Førde frå Fjelltind 4H i Jølster tok alle attval som varamedlemer.


Dianne Eikås frå Trekløveret 4H i Eid held fram som ordførar, og Steffen Fjellestad frå Hauk 4H i Gloppen tok attval som varaordførar i Sogn og Fjordane. Aina Nordgulen frå Gulen held fram som alumnane sin representant i fylkesstyret.


Les meir om: Nyhende Sogndal