NED OG OPP: Nye tal viser at arbeidsløysa går ned i Hordaland og Sogn og Fjordane, men hjå dei yngste aukar arbeidsløysa. (Arkivfoto)

Arbeidsløysa aukar mellom dei yngste

Publisert 30.08.2019 kl. 11.27. Oppdatert kl. 11.28.

I august var arbeidsløysa i Sogn og Fjordane og Hordaland til saman på 2,2 prosent av arbeidstyrken. Det er faktisk ein nedgang på omlag 950 personar i høve august i fjor.


Arbeidsløysa for Hordaland er på 2,4 prosent, medan talet for Sogn og Fjordane er 1,5 prosent og lågast i landet.


Men for aldersgruppa 19 år og under, så aukar arbeidsløysa. Det uroar direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.


- Auken svarar til tre skuleklassar. Det uroar meg at dei aller yngste ikkje er i aktivitet. Dette er ei gruppe me prioriterer, og som me vil vil følgja nøye med på utviklinga til.


Dersom auken kjem av at andre offentlege etatar samarbeider betre for å fanga opp dei unge som verken er i jobb eller skule, så er ikkje utviklinga berre negativ, seier Bogsnes.


- Unge som ønskjer å vera i arbeid bør søkja NAV si hjelp. Men vi ser dessverre at mange vel å la vera.


Det er per august 2019 flest ledige innan industriarbeid, butikk- og salsarbeid og serviceyrke. Det er færrast ledige innan akademiske yrke, jordbruk, skogbruk og fiske.


Les meir om: Nyhende Leikanger