Arbeid på fleire vegar kan medføra ventetid

Publisert 11.09.2019 kl. 07.20.

I Timreskredtunnelen på på fylkesveg 53 mellom Fodnes og Årdalstangen kan det bli stengt i inntil 20 minutt på grunn av vegarbeid. Her må ein venta på ledebil. Utrykkingskøyretøy og rutetrafikk kan passera.

På fylkesveg 331 mellom Urnes og Skjolden ved Sørheim kan det bli stengingar på inntil tre timar på grunn av vegarbeid i tidsrommen 08.00 til 18.00.Vegen vil vera open for gjennomkøyring klokka 10.00, 13.00 og 15.00. På kvelden og natta vil vegen vera stengd frå klokka 20.00 til 05.00, med gjennomkøyring frå klokka 22.45 til 23.00. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera.

På fylkesveg 331 mellom Urnes og Skjolden ved Sørheim kan det bli stengingar på inntil tre timar på grunn av vegarbeid i tidsrommen 08.00 til 18.00.Vegen vil vera open for gjennomkøyring klokka 10.00, 13.00 og 15.00. På kvelden og natta vil vegen vera stengt frå klokka 20.00 til 05.00, med gjennomkøyring frå klokka 22.45 til 23.00. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera.


Fylkesveg 92 mellom Vikøyri og Arnafjorden kan bli stengt i periodar på inntil to timar på grunn av vedlikehaldsarbeid. Det gjeld i tidsrommet 07.30 til 19.00. Det er lagt opp til gjennomkøyring klokka 10.00, 12.00. 14.00, 16.00 og 18.00.

I Fretheimstunnelen i Flåm på E16 er det asfaltarbeid. Frå klokka 21.00 til 06.00 kan det bli ventetid på inntil ein halv time.

I Røneidstunnelen på fylkesveg 55  blir det redusrert framkomst frå klokka 07.00 til 18.00. Eitt felt er stengt.

Det er elles mange vegprosjekt på fylkesveg 55 mellom Dragsvik og Høyanger.

Du kan halda deg oppdatert på vegvesen.no.


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk