SATSING MOT MOBBING: Frida Melvær (H) er nøgd med at alle fylke skal få mobbeombod i 2018. (Arkivfoto)

Alle fylke får mobbeombod

Frå hausten 2018 skal alle fylke ha eit eige mobbeombod.

Publisert 13.12.2017 kl. 19.26.

Kostnadane vert dekka som eit spleiselag mellom staten og fylkeskommunane.


Stortinget handsama ny mobbepolitikk i 2016. I samband med dette vedtok Stortinget i mai å be regjeringa om å komme attende til Stortinget med eit forslag om oppretting av lokale mobbeombod i kvart fylke. Regjeringa skulle også vurdera strukturen, ansvarsfordelinga, mandatet og arbeidsgjevaransvaret mellom mobbeomboda og elev- og lærlingomboda. Utdanningsdirektoratet (Udir) har sett på gjennomføringa i samråd med fylkeskommunane, Barneombodet og partane i utdanningssektoren.


- I mange år har politikarar frå ulike parti lova eit krafttak mot mobbing, men mobbetala er diverre framleis for høge. Det er ikkje haldbart. Me må gjera det me kan for å sikra at alle born får eit godt skulemiljø utan mobbing. Regjeringa tek no grep saman med KrF og Venstre og innfører mobbeombod i alle fylke frå hausten 2018, seier Frida Melvær (H) i ei pressemelding, som også Gunnhild Berge Stang (V), Tore Storehaug (KrF) og Lars Svein Drabløs (Frp) står bak.


Tryggleik

- Det er viktig å gi tryggleik til dei borna, elevane og foreldra som opplever mobbing. Når me no gjer ombodsordninga nasjonal, betyr det at fleire vil få den hjelpa dei treng i ein vanskeleg situasjon. Born og elevar skal ikkje berre ha rett til ein mobbefri kvardag. Dei skal også ha rett til oppfølging og hjelp når dei vert utsette for mobbing, legg Melvær til.


Ifølgje den politiske kvartetten skal mobbeomboda gje støtte og rettleiing til born elevar og foreldre i saker som gjeld det psykososiale skulemiljøet og særleg mobbing. Dei skal førebygge og gje informasjon, samtidig som dei skal sikre god oppfølging etter at sakene er handtert. Omboda vil også være viktige for å dokumentere mobbing på skulane og bidra med erfaringar.


Kort veg

I pressemeldinga blir det trekt fram at ein av dei viktigaste fordelane med ordninga er at det blir kort veg for mobbeofra og familiane å ta kontakt med mobbeombodet. Ifølgje Drabløs er det alt sett i gang fleire tiltak mot mobbing.


- Me har sytt for ei mobbelov som gir økonomisk straff til skuler og skuleeigarar som ikkje følgjer opp mobbing, me aukar kompetansen til fleire hundre skular og barnehagar og me syt for fleire antimobbeprogram i skulen, særleg retta mot mobbing på nett, seier Drabløs.


Ordninga skal finansierast som eit spleiselag mellom fylkeskommunane og staten. Det ligg fire millionar friske kroner i statsbudsjettet for å dekka innføringa av mobbeomboda frå hausten 2018.