Aksjon skulestart: Fleire utan bilbelte

Politiet i Årdal, Lærdal og Aurland kontrollerte 162 førarar denne veka.

Publisert 31.08.2018 kl. 15.55.

Resultatet av vekas Aksjon skulestart viser fire gebyr for manglande bruk av bilbelte.


Politiet skreiv også ut eitt forenkla førelegg for ikkje å ha sikra barn i bil.


Det melder Politiet i Årdal, Lærdal og Aurland på Facebook.