UT PERIODEN: Jarle Aarvoll har gittt valnemnda melding om at denne valperioden blir hans siste. (Foto: Arkiv)

Aarvoll gir seg etter denne perioden

Jarle Aarvoll melde i kveld på Facebook at han ikkje lenger er Arbeidarpartiet sin førstekandidat i Sogndal.

Publisert 27.08.2018 kl. 22.02.

Aarvoll har vore ordførar dei 12 siste åra og leiar no Fellesnemnda for den nye storkommunen i Indre Sogn.


«Valnemnda til Arbeidarpartiet har fått melding om at denne kommunestyreperioden vert min siste», skriv Aarvoll måndag kveld.


«Som ordførar og leiar i Fellesnemnda er eg fullt ut motivert til å yta mitt beste ut denne perioden. Eg veit det vert mykje arbeid, men eg vil stå på heile perioden. Så vil eg takka for tilliten med at eg har fått stått på denne vakta i så mange år. Som ordførar har eg hatt gleda av å stå til teneste i 12 år eller tre heile periodar når økta er over», skriv Aarvoll.


- Ei tid for alt

Han skriv vidare at han er litt stolt og glad for utviklinga ein har sett og ser i Sogndal.


«Eg vil dele mykje av æra for det me har fått til saman med politikarar, rådmann og alle dyktige tilsette i kommunen, og andre medspelarar. Det er ei tid for alt. Det er ikkje mange som får høve til å vera ordførar i ein så flott kommune som Sogndal».


Les meir om: Nyhende Politikk Sogndal