GODE SØKJARTAL: Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket, gler seg over gode søkjartal til traineestillingane. (Foto: Framtidsfylket)

650 søknadar til årets traineestillingar

Framtidsfylket har motteke 650 søknadar til årets 33 traineestillingar.

Publisert 04.03.2019 kl. 21.00.

Norec utmerkar seg med 98 søkjarar til éi stilling, skriv Framtidsfylket i ei pressemelding.


- Det store fleirtalet fortener eit intervju. Eg er imponert over kvaliteten på kandidatane og kva unge, nyutdanna menneske har på CV-en. Det blir ein tøff tilsetjingsprosess, seier avdelingsdirektør for stab, analyse og kommunikasjon i Norec (Fredskorpset), Morten Rørvik.


Norec er ein ettertrakta arbeidsstad og vant til høge søkjartal. Dei var likevel spente på tala til den nyoppretta traineestillinga.


- Me har vore veldig nysgjerrige på kven søkarane er og kor mange me fekk. Me ser at fleire av dei har tilknyting til fylket, men bur andre stader i landet. Eg trur dei ser dette som ein sjanse til å jobba på eit fagfelt dei tidlegare ikkje kunne i Sogn og Fjordane. Me har ein stor jobb framfor oss med å velja rette kandidaten, seier Rørvik.


 


Vil ta del i det grøne skiftet

På lista over mest populære traineebedrifter i fylket kjem Vestlandsforsking og Coast på delt andreplass, begge med 42 søkjarar, og Fjord1 på tredjeplass med 39 søkjarar.


- Eit tydeleg teikn er at bedriftene som set verdiane rundt det grøne skiftet og er opptatt av klimaspørsmåla og internasjonalisering er attraktive arbeidsgjevarar. Me ser at dette opptek fleire av søkjarane, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland.


At elleve bedrifter søkte etter IT-utdanna gav hovudbry for Framtidsfylket.


- Mange av stillingane i årets traineeprogram er knytt til fagområde og yrke med kamp om arbeidstakarane. I teorien kan IT-utdanna velja og vraka i jobbtilbod, og me var difor spente på om me klarte å få søkjarar til Sogn og Fjordane. Det gjorde me heldigvis, og nokre av teknologibedriftene har over 20 namn på blokka, seier Hovland.


Stor konkurranse

Med 650 søknadar er det 152 fleire enn i 2018. Av desse har 30 prosent oppgitt at dei kjem frå Sogn og Fjordane og 70 prosent at dei kjem frå andre deler av landet. 80 prosent seier at dei i dag bur utanfor fylket.


- Bak søkjartala ligg strategisk jobbing med kommunikasjon og marknadsføring frå 1. desember til 1. mars. I tillegg gjer næringslivet og offentlege aktørar ein viktig jobb med å delta på karrieremessene og synleggjera karrieremoglegheitene me tilbyr. Rekruttering av arbeidskraft og kompetanse er ei utfordring for Sogn og Fjordane i dag og i framtida, og det er difor viktig å jobba saman.


- Eg trur ikkje dei nyutdanna berre har søkt jobb i vårt fylke. Me konkurrerer om arbeidstakarane med resten av landet, så her må ein vera rask for å sikra seg gode kandidatar. Målet er å ønska 33 trainear velkommen til Sogn og Fjordane i august, seier Hovland.