KONTROLL: Politiet har mellom anna vore på Hafslo på kontroll i samband med Aksjon skuleveg. (Arkivfoto)

56 førarar fekk reaksjon frå politiet

I to veker har politiet i Sogn og fjordane vore synleg og aktive i samband med årets skulestart.

Publisert 05.09.2018 kl. 09.39.

Under Aksjon skulestart vart 1.597 bilar kontrollerte. Av desse fekk 56 førarar reaksjon frå politiet, noko som tilsvarar 3,5 prosent av dei kontrollerte førarane, opplyser politiet i ei pressemelding.


Ingen mobilbruk

Under kontrollane var det ingen som brukte mobiltelefon bak rattet.


- I år er første året at me ikkje har hatt nokon reaksjonar på mobilbruk. Dette er svært positivt, seier Arne Johannessen, leiar for geografisk driftseining i Sogn og Fjordane hjå politiet.


- Senk farten

Det vart gjennomført totalt fem trafikkontrollar med søkjelys på fart i Sunnfjord. Det resulterte med 21 forenkla førelegg.


- Ein må hugsa å senka farten, spesielt kring skulevegane der det er mange born, peiker Johannessen på.


Promillekøyring

I år har det vore ekstra søkjelys på promille i alle tre regionane i fylket, og i førre veke vart ein førar fråteken førarkortet i Hyllestad, etter utslag på alkometeret.


Under kontrollane i Sogn og Fjordane vart det også stogga 6 køyretøy der barn under 15 år ikkje har vore sikra. I tillegg vart det delt ut 15 gebyr for manglande bruk av bilbelte i kontrollane.


- Dette er uheldig, og eg håpar at fleire bilførarar blir meir medvitne på tryggeiken til både born og seg sjølve, seier Arne Johannessen.


Gjekk du glipp av denne: Positive til politikontroll


Les meir om: Nyhende Politi Trafikk

Siste saker Gå til framsida