BREIBAND: Kobbernettet skal no fasast ut. For å bidra til at alle får et godt alternativ, føreslår regjeringa å løyva 50 millionar kroner ekstra til utbygging av breiband.(Illustrasjonsfoto)

50 millionar til utbygging av breiband

I revidert nasjonalbudsjett blir det sett av nye 50 millionar kroner til breibandsutbygging.

Publisert 15.05.2019 kl. 09.34.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine erfaringar frå i fjor syner at ei ekstraløyving på 50 millionar vil kunne bidra til at opptil 5.000 fleire får breibandstilgang, dersom bidraga frå kommunar, verksemder og lokalmiljø held fram frå i fjor, går det fram av ei pressemelding.


- Viktig bidrag

- Det betyr at den samla løyvinga for 2019 blir på 250 millionar, mot 150 millionar i 2018. Dette er midlar som skal sikra at område der selskapa åleine ikkje byggjer ut, får tilgang på moderne breiband, noko som særleg er viktig i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane, seier stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF)
 
- Dette er eit viktig bidrag til raskare utbygging av breiband i distrikta. Me blir meir og meir avhengige av digitale system. Då er det viktig at me aukar utbyggingstakta slik at alle etter kvart får tilgang til god breibandsdekning. Eg har sjølv teke opp kor viktig dette er i mi partigruppe og er glad for at regjeringa svarar opp med ei ytterlegare forsterking av midlar i år, seier storringsrepresentant Frida Melvær (Høgre).


Til fylkeskommunane

- Breiband er like viktig som veg og straum, og no når Telenor går vekk frå koparnettet, så blir behovet for fortgang i utbygginga styrka, seier Venstre sin fylkeskordførarkandidat Gunnhild Berge Stang.


Regjeringen foreslår at tilleggsløyvinga vert fordelt til fylkeskommunane, som får ansvar for å syta for at midlane kjem til nytte der behovet er størst. Departementet vil i samarbeid med Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) fastsetja nærmare innretning for bruk av tilleggsløyvinga. Fordelinga mellom fylka skal vera klar i juni.


Les meir om: Nyhende Politikk Økonomi