KAMPANJE: Den nasjonale kampanjen Beintøft startar denne veka. Her gjer Ås-elevar seg klare for skulestart. (Foto: Siri Gilbert)

40.000 elevar konkurrerer i å reisa miljøvenleg til skulen

Denne veka startar Noregs største gå-til-skulen-aksjon.

Publisert 03.09.2018 kl. 20.25.

I løpet av september skal over 40.000 skuleelevar konkurrera i å reisa miljøvenleg til skulen.

I Beintøft målast det kor langt elevane går, syklar og brukar kollektiv transport til skolen. Berre i løpet av kampanjeveka i fjor tilbakela deltakarane over 720.000 kilometer, som tilsvarar 18 gonger rundt jordkloden.

- Mange foreldre svippar ungane innom skulen med bil, utan at dei tenkjer nemneverdig rundt konsekvensane av dette. Når 40.000 foreldre let bilen stå, blir derimot resultata betydelege, seier prosjektleiar for Beintøft Carl Fredrik Pedersen i ei pressemelding.

På beintøft.no kan ein fortløpande sjå kor langt elevane har gått, og få ein oversikt over kor mykje CO2 som er spart ved å ikkje køyra bil til skulen.

Her i fylket er følgjande skular med: Aurland barne- og ungdomsskule, Davik Oppvekst, Eivindvik skule, Førde barneskule, Hjelle skule, Kjølsdalen Montessoriskule Sa, Kolset Oppvekst, Leikanger barneskule, Raudeberg skule, Sagatun skule, Selje skule, Solund barne- og ungdomsskule, Trudvang skule og Vassenden skule.
 


30.000 kroner i premie

Alle grunnskuleelevar i heile landet er inviterte til å delta i Beintøft. Konkurransen varer frå 3.- 28. september, og hovudpremien er 30.000 kroner, som oppfordrast til å brukast på noko miljøvenleg som kjem heile klassen til nytte. For mange er tanken på premier ein stor motivasjon, men det er den felles miljøinnsatsen som skal vera mest i fokus.


Med Beintøft ønskjer Miljøagentane å bidra til større miljøengasjement og bevisstgjering av miljøproblema knytt til bilkøyring i skule og lokalsamfunn. Miljøvenleg transport til og frå skule og jobb gir mindre luftureining lokalt og lågare CO2-utslepp skapt av biltrafikk. Det oppstår færre trafikkfarlege situasjonar, og barna blir meir opplagt til å ta til seg kunnskap gjennom heile skuledagen. Beintøft er ein nasjonal kampanje i regi av Miljøagentane, i samarbeid med Loop Miljøskole og Syklistenes landsforening.


Siste saker Gå til framsida