36 køyrde for fort - éin mista lappen

Køyrde i 93 kilometer i timen i 60-sona.

Publisert 17.04.2019 kl. 17.34. Oppdatert kl. 17.38.

I fartskontrollar i 60- og 80-sona i Lærdal onsdag vart det skrive 36 reaksjonar på fart, ein reaksjon på bruk av handhalden mobiltelefon, og ein for køyring utan gyldig førarkort, melder UP.


Største fartsoverskridinga hadde ein førar frå Drammen som køyrde i 93 kilometer i timen i 60-sona. Dette resulterte i førarkortbeslag.


Les meir om: Nyhende Lærdal

Siste saker Gå til framsida