Tore Storehaug toppar lista før Trude Brosvik og ordførar i Selje, Stein Robert Osdal.

24-åring på topp

Tore Storehaug toppar lista til Sogn og Fjordane KrF.

Publisert 30.11.2016 kl. 21.07.

 Trude Brosvik og ordførar i Selje, Stein Robert Osdal, følgjer på plassane etter.


 


Kamp

I takketalen peika Storehaug på at utjamningsmandatet ser ut til å stå mellom KrF og Venstre.


- Etter at dei tre første mandata er fordelt er dette i realiteten ein kamp mellom KrF og Venstre om mandat nummer 4. Me har vore nære å få utjamningsmandatet dei siste to vala, og denne gangen har me store sjansar for å få det til, seier toppkandidaten i ei pressemelding. 


KrFU

Tore Storehaug er født i 1992. Han har tidlegare vore fylkesleiar, sentralstyremedlem og nestleiar i KrFU.I dag er  han vara til fylkestingsgruppa til KrF. Han kjem frå Flokenes i Askvoll kommune og går for tida på lektorprogrammet ved Universtietet i Oslo.


 


Lista

 KrF-lista ser slik ut:



  1. Tore Storehaug, Askvoll,    F: 1992

  2. Trude Brosvik, Gulen,         F: 1961

  3. Stein Robert Osdal, Selje,   F: 1973

  4. Audun Mundal, Gloppen,    F: 1966

  5. Beate Bondevik Lie, Luster F: 1978

  6. Gustav Johan Nydal, Flora, F: 1960

  7. Kari Synnøve Muri, Stryn,    F: 1965

  8. Frode Bøthun, Balestrand,   F: 1976

  9. Irene Barmen Hoel, Jølster, F: 1958

  10. Odette Girukwayo, Vik,        F: 1983


Les meir om: Nyhende Politikk

Siste saker Gå til framsida