Bussjåfør meld til politiet

Ein førar av ein turbuss blei meld til politiet då han ikkje stogga for skilta trafikkontroll.

Publisert 14.08.2019 kl. 15.24.

Dette skjedde under Statens vegvesen sin kontroll på Håbakken i Lærdal onsdag. 


Vegvesenet delte i tillegg ut to overlastgebyr for buss på 2.450 kroner kvar og to for vogntog på høvesvis 7.400 kroner og 6.500 kroner.


Ein sjåfør fekk gebyr grunna manglande førarkort med under køyring. 


I tillegg vart det varsla om manglande betalt vektårsavgift.             


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal