OMKOMEN: Mannen fall fleire hundre meter under ein tur i Hurrungane. (Illustrasjonsfoto: Jostein Aasen, NVE)

Namnet er frigjeve

Mannen som fall ned ein skrent på fleire hundre meter i Hurrungane 15. mai er stadfesta omkomen.

Publisert 19.05.2019 kl. 13.00. Oppdatert kl. 13.02.

Det opplyser operasjonsleiar Arve Samsonsen til Sogn Avis laurdag.


- Personen som var i ulukka er omkomen. Politiet opprettar undersøkelsessak, seier Samsonsen.


Den omkomne er Ruben Kvalsøren (47), busett i Luster kommune. 


Sogn Avis offentleggjer namnet i samråd med pårørande.


Send til Haukeland

Politiet melde om ulukka onsdag ettermiddag.

Personen blei sendt til Haukeland universitetssjukehus med redningshelikopter.

Det var eit turfylgje på tre oppdaga personen og varsla naudetatane.

Politiet opplyste 15. mai at mannen har falle ned ein skrent på rundt 500 meter under tur på Lauvnostinden i Hurrungane i Luster kommune. 

Dei tre andre som var på staden klarte å koma seg ned att på eiga hand.


Les meir om: Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida