Forholda er søndag blitt bra nok til opning eller kolonnekøyring på nokre fjellovergangar, som her på fv. 50 Aurland-Hol. (Foto: Statens vegvesen)

Slik er stoda på fjellovergangane

Publisert 24.03.2019 kl. 07.21. Oppdatert kl. 10.33.

Søndag morgon var framleis fleire fjellovergangar stengde, men med betring i vêret utover dagen har dei fleste etter kvart opna.


E16 Filefjell var ope for fri ferdsel tidleg søndag morgon etter at det der hadde vore styrt trafikkavvikling gjennom laurdagen.


Rv. 13 Vikafjellet er stengd, og det blir ny vurdering av opning klokka 10 måndag.


Fv. 50 Aurland-Hol var stengd, men opna for kolonnekøyring klokka 10. Klokka 14.40 vart det meldt at vegen var open for trafikk.


I 08.30-tida meldte Vegtrafikksentralen at det vart styrt trafikkavvikling over Hemsedalsfjellet, og litt seinare vart det meldt at fjellet er ope for fri ferdsel etter oppryddingsarbeid.


Fv. 53 Tyin-Årdal er også open for fri ferdsel, melder Vegtrafikksentralen klokka 18.32 søndag.


Les meir om: Nyhende Uvêr Trafikk

Siste saker Gå til framsida