OPEN: E16 over Filefjell er søndag morgon den einaste fjellovergangen med fri ferdsel. (Foto: Webkamera, Statens vegvesen)

Fleire fjellovergangar er stengde

Uvêr herjar i fjellet.

Publisert 17.03.2019 kl. 07.32.

Kraftig vind og snø har ført til at fleire av fjellovergangane til og frå Sogn er stengde søndag morgon. Berre på E16 over Filefjell er det fri ferdsel, men her kan det bli innført kolonnekøyring på kort varsel.

Klokka 07.00 var dette statusen for fjellovergangane:

E16 Filefjell: Open, kan bli kolonne på kort varsel.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring.

Riksveg 13 Vikafjellet: Stengd.

Fylkesveg 50 Hol-Aurland: Stengd.

Fylkesveg 53 Tyin-Årdal: Stengd

Også riksveg 7 over Handagervidda er stengd.


Les meir om: Nyhende Trafikk