Snøbyger på fjellovergangane

Publisert 07.03.2019 kl. 07.07.

Slik er tilhøva på fjellovergangane torsdag morgon, melder Vegtrafikksentralen:


Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke, bert og vått. Klokka 05.30 var det -6 grader, lett bris og snøbyger.


Rv. 13 Vikafjellet: Snø- og isdekke. Klokka 05.30 var det -2 grader, laber bris og snøbyger.


Fv. 50 Hol-Aurland: Snø- og isdekke. Klokka 05.45 var det -7 grader, laber bris, snøbyger.


Fv. 53 Tyin-Årdal: Snø- og isdekke. Klokka 05.40 var det -7 grad, laber bris, skya og snøbyger.


Vegtrafikksentralen melder torsdag morgon at det er kolonnekøyring på rv. 7 over Hardangervidda grunna uvêr.


Torsdag er det venta nedbør inn mot Vestlandet, og yr.no melder om farevarsel på gult nivå.


Regn som går over til snø i lågareliggande område, kan skapa lokalt vanskelege køyreforhold.


Siste saker Gå til framsida