Bil køyrde av vegen

Publisert 24.08.2018 kl. 08.56. Oppdatert kl. 14.54.

Ein personbil køyrde klokka 08.21 fredag av vegen ved fruktlageret på Leikanger. Det var to personar i bilen, og politiet opplyser at ingen vart skadd.


Bilen skal ha køyrt av vegen under møte med ein lastebil.


Føraren av bilen vil sjølv kontakta bilbergar.


Trafikken passerer staden som normalt, opplyser politiet.


 


Les meir om: Nyhende Leikanger Notis Politi