Følg draumane dine

- Jobbar du målretta og hardt nok er sjansen for at du når draumane dine stor. Det kan ta lang tid, det kan gå kjapt, men uansett kan det gå, skriv MOT-ambassadørane Øystein Bondevik og Sigurd Bøyum i MOT-spalta som du kan høyra i videoen øvst i denne saka.

Publisert 31.03.2017 kl. 11.50.

Videoen er laga av elevbedrifta Focus UB ved Sogndal vidaregåande skule.

MOT-spalta stod på trykk i Sogn Avis 6. mars:

Følg draumane dine

I februar var det draumemånad, ein månad der ein vert oppfordra til å følgja draumane sine. Men i mars vil me at de skal jobbe for å oppfylla dei. Ingenting kjem gratis, og for å oppnå noko må du leggja sjela di i det. Uansett kor stor eller liten draumen din er.  

Mange er pessimistiske i forhold til folk sine draumar. Seier at det ikkje går. Det er haldningar som MOT ikkje står for. Alle kan oppnå noko, om dei berre vil. Det finst ikkje grenser. Jobbar du målretta og hardt nok er sjansen for at du når draumane dine stor. Det kan ta lang tid, det kan gå kjapt, men uansett kan det gå.

1. mars var fristen for oss i tiande klasse for å søka vidaregåande skule. For oss er dette eit av dei største vala me har gjort. Og for nokon kan dette vere eit steg nærmare draumane sine. Ein vanleg draum kan vera å bli ingeniør eller kokk, og eit steg på reisa er skulen.

I skulen har me MOT-besøk gjennom året. Der vert me oppfordra til å ta eigne val. Å søke kva me har lyst til, og ikkje kva alle andre søker. Ein må tora å ta eigne val, kanskje velje ein anna veg enn det alle andre gjer. Nokon flytter heime ifrå, nokon vert verande. Det viktigaste er at du vert fornøgd med det du søkjer.

Draumen treng ikkje å vera veldig stor. Det kan vera alt frå å drøyme om å komma heim til ferdig middag, til å verta profesjonell fotballspelar. Ein drøymer om noko for å bli glad og få eit betre liv, og det er mange ting som gjer dette.      

Ein har ofte ein draum utan å gjera noko meir med den. Men draumen er målet på ei reise og ikkje starten. Mange sit inne i sofaen istaden for å vera ute og jaga etter draumen. Det handlar berre om litt pågangsmot og vilje.  

Det er ikkje berre ungdommar som har draumar dei kan oppfylla. Om du trur at du er for gamal, så er det som oftast inga unnskyldning. Ung eller eldre vil det alltid vera mogeleg å nå draumen. Det er ikkje for seint før det er for seint. Og viss du enda kan er berre å gripa sjansen.

Ein viktig ting med draumane dine er at du ikkje vert berande på dei inni deg, men at du let dei verkeleggjerast. Det seigaste er viss du i ettertid angrar på at du ikkje følgde draumen din. Ikkje bli sitjande inne viss du har ein draum du vil oppfylla. Kom deg ut og stå på!

Øystein Bondevik og Sigurd Bøyum


Les meir om: Nyhende Video Ung