I SVEVET: Frå konkurransen Rakkar Open under Fjellsportfestivalen 2016. (Biletet er ikkje med i fotokonkurransen) (Foto: Ellen Oftedal Schwencke/Fjellsportfestivalen)

Vinn festivalpass

Sogn Avis vil dela ut festivalpass til Fjellsportfestivalen.

Publisert 06.02.2017 kl. 00.01. Oppdatert kl. 09.15.
Snart er det klart for Fjellsportfestivalen, og me i Sogn Avis varmar opp med ein fotokonkurranse med tema «Vinterleik i Sogn». For å delta i konkurransen, må du senda oss bilete som syner at du - eller nokon du kjenner - kosar seg ute i naturen i Sogn om vinteren.

I samarbeid med Fjellsportfestivalen kan me by på følgjande premiar til tre vinnarar:
  • Eitt festivalpass til deg og eitt til ein ven
  • Eitt Festivalpass + ein guida tur/kurs
  • Eitt festivalpass
Festivalpass gir deg tilgang til alle arrangement, foredrag og festar på Sogndal Quality Hotel og i Rindabotn under heile festivalen. Med festivalpasset vil du også kunne kjøpa guida turar og skredkurs til festivalpris. Årets utgåve av Fjellsportfestivalen finn stad 22. til 26. februar. Festivalen vert arrangert årleg av Bratt moro i Sogndal.
Fristen for å senda inn bilete til konkurransen er tysdag 7. februar. Bidrag til konkurransen kan du merka med #safjellsport på Instagram eller senda på e-post til nett@sognavis.no.
Få gjerne med litt om kva me ser på bileta og gjerne kvar bileta er tekne. Bilete som blir sende inn til konkurransen, vil kunne bli brukte på sognavis.no og på trykk i papiravisa. Hugs å sjekka med eventuelle personar på bileta at det er greit at bileta blir sende inn til konkurransen.

Les meir om: Nyhende Fjellsport Sogndal