STORT OMRÅDE: Kring 200 husstandar på Indre Hafslo er utan vatn. Her ser ein deler av området frå stien mot Molden. (Arkivfoto)

200 hustandar utan vatn etter lekkasje

- Me har funne ein lekkasje ved Sønnesyn på Indre Hafslo som er under reparasjon.

Publisert 10.10.2018 kl. 10.13. Oppdatert kl. 15.17.

Det seier ingeniør Ingrid Slinde i Luster kommune. Dei hadde teknisk personell ute heile onsdag for å finna ut kvifor abonnentane miste vatnet. Dette gjeld alle abonnentar på det kommunale vassnettet i områda Sviggaplassane, ut til Lad og heilt opp til Bruheim.

Slinde fortel at det var kommunen sitt eige varslingssystem som gjorde dei merksame på at vatnet ikkje gjekk ut slik det skulle. Vatnet forsvann ein gong natt til onsdag. Før klokka 12 onsdag hadde alle som får vatn direkte frå bassenget på Bruheim fått att vatnet.

Dei resterande som får frå Melheim har ikkje vatn då dette bassenget mest truleg har gått tomt. Dei som det gjeld er områda Melheim, Høgi, Joranger, Lad, Lundshaugen, skulen og Sviggo.
- Det er litt usikkert når dei siste får vatn i springen, seier Slinde.


Les meir om: Nyhende Notis Luster

Siste saker Gå til framsida