Ein bil hamna utfor vegen på rv. 55 like ved Fardal i Sogndal kommune laurdag morgon. (Foto: Tipsar)

18-åring send til legevakt etter utforkøyring

Publisert 23.03.2019 kl. 09.22. Oppdatert kl. 09.57.

Ein bil har køyrt utfor vegen på rv. 55 i Fardal, melder politiet på Twitter klokka 09.10 laurdag.


Det var ein person i bilen, og han er medviten og komen ut av bilen. Politiet rykte ut til staden, og vegen var ikkje stengd.


Føraren var ein 18 år gamal mann som blir send til legevakt. 


Politiet opprettar sak etter hendinga.


Les meir om: Nyhende Politi Sogndal Trafikk

Siste saker Gå til framsida