FÅR STØTTE: Balejazz i Balestrand har fått 200.000 kroner i støtte frå Kulturrådet. Her frå då Kjartan Lauritzen stod på scenen under årets festival. (Arkivfoto: Jan Inge Fardal)

12 millionar frå Kulturrådet til kunst og kultur i fylket - sjå kven som får støtte

Norsk kulturråd har så langt i 2019 løyvd meir enn 12 millionar til kunst- og kulturføremål i Sogn og Fjordane.

Publisert 29.05.2019 kl. 14.15. Oppdatert kl. 14.17.

Lista med kunst- og kulturføremål som er støtta via ulike støtteordningar hos Kulturrådet viser at det går mest pengar til musikkfestivalar i fylket. Førdefestivalen får meir enn halvparten av støtta som er innvilga så langt i 2019, deretter følgjer Norsk Countrytreff i Gloppen og Teaterfestivalen i Fjaler.


Ønskjer endå fleire søkjarar

- Eg er fornøgd med at utøvarar og aktørar i fylket blir støtta med statlege midlar til kunst og kultur. Samtidig skulle eg ønskt at endå fleire i fylket søkte på støtteordningane til Norsk kulturråd, seier Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.


Midlane frå Kulturrådet går til både visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur og andre kunst- og kulturføremål. Så langt er det løyvd 12,1 millionar kroner til tiltak i Sogn og Fjordane for 2019, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen. 


Fleire søknadsrundar

- Fleire av ordningane har søknadsfrist i juni og enkelte til hausten. Er du kunstnar eller kulturutøvar bør du vurdere å søkja, oppmodar Ingebjørg Erikstad.


Kulturrådet gir tilskot til kunst og kultur over heile landet basert på midlar frå staten. Kulturrådet er også pådrivar for nye kunst- og kulturprosjekt, driv utviklingsarbeid og er rådgjevar for staten i kulturspørsmål.


Desse får støtte

Støtte frå Norsk kulturråd til utøvarar og aktørar i Sogn og Fjordane

Arbeidsstipend:

  • Miriam Prestøy Lie, Arbeidsstipend for kunstnarar 2019: 268.222 kroner

Arrangørstøtte musikk:

  • Jølster jazzklubb, Jølster jazzklubb 2019: 11-12 konsertar. Jazz på Jølst.: 75.000 kroner
  • Balejazz, Balejazz 2019, Balestrand: 200.000 kroner
  • Fres festival, Fres festival 2019, Fresvik: 150.000 kroner

Arrangørstøtte scenekunst:

  • Teaterfestivalen i Fjaler, Teaterfestivalen i Fjaler (fleirårig): 900.000 kroner

Bestillingsverk og produksjonsstøtte for musikk:

  • Majorstuen Fiddlers Company AS, Gjermund Larsen og Thea Hjelmeland: 75.000 kroner
  • Ivar Orvedal, Herbariumintifada. Musikkproduksjon og kunstnarbok: 100.000 kroner

Diversestipend for nyutdanna kunstnarar:

  • Ingvild Maria Thingnes, Dansekunstnar: 80.000 kroner

Formidling / gjestespel:

  • Miriam Prestøy Lie, Teaterframsyninga "Tyngde" av Demian Vitanza - Cornerteateret: 100.000 kroner

Historiske spel og friluftsspel:

  • Elskhug og Eksis, "Elskhug og eksis", historisk lystspel Nordfjordeid: 40.000 kroner
  • Kinnaspelet, Kinnaspelet, Songen ved det store djup: 120.000 kroner
  • Stadlandet ungdomslag, Dragseidspelet "På sverdeggja»: 70.000 kroner

Litteraturprosjekt:

  • Skald forlag AS, Klassikarserien 2020, omsetjing av tre verdsklassikarar til nynorsk: 404.000 kroner

Musikkfestivalar:

  • Fjæra Bluesklubb, FjordBlues festivalen, Sandane: 100.000 kroner
  • Malakoff Rockfestival, Malakoff Rockfestival, Nordfjordeid: 300.000 kroner
  • Norsk Countrytreff, Norsk Countrytreff, Byrkjelo: 1.200.000 kroner
  • Utkant, Utkant 19, Skjerjehamn: 350.000 kroner
  • Førdefestivalen, Førdefestivalen 2019: 6.300.000 kroner
  • Gloppen musikkfest, Gloppen musikkfest 2019, Sandane: 425.000 kroner

Rom for kunst - kunstarenaer og kulturbygg:

  • Preform AS, Dale Samvirke - produksjons- og visningsrom, scene, studio, galleri: 800.000 kroner

Sikringsmidlar til musea:

  • Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane: 25.000 kroner

Utstillingsstøtte til kunstnarar i etableringsfasen:

  • Elia Mai Huang Nesse, Kunstutstilling. My pet dragon (dear, but dangerous): 25.000 kroner

Total støtte per mai 2019 til Sogn og Fjordane er 12.107.222 kroner.


Les meir om: Nyhende Kultur Musikk

Siste saker Gå til framsida