- Situasjonen er på ingen måte over - sjå video av Jostedøla

Statkraft held framleis oppe beredskapen.

Publisert 14.10.2018 kl. 11.28. Oppdatert kl. 11.46.

- I går kveld, og særleg i natt var det ei sterk temperaturauke i fjell- og breområda her i Sogn, samstundes som det var stor nedbørsaktivitet. Det har ført til stor snøsmelting og svært mykje tilsig av vatn fleire stader, mellom anna i Jostedalen, seier informasjonssjef Norman Kjærvik i Statkraft.


Statkraft har kraftverk i tre kommunar i Sogn - Høyanger, Vik og Luster. I Høyanger skal situasjonen vera rimeleg godt avklart. I Vik er det utfordringar når det gjeld bretilsig frå Fresvikbreen.


- Me registrerer stor snøsmelting i Fresvikbre-området og stor vassføring mot Seljadalen og Vik sentrum, så der har me vore svært merksame på situasjonen. Fylkesveg 121 i Seljadalen har fått nokre skader som me forsøker å utbetre etter kvart.

HERJAR: Jostedøla viser musklar. (Foto: tipsar)

Held tilbake vatn

I Luster har det vore ekstremt store tilsig av vatn på grunn av dei høge temperaturane. Det er registrert svært store vasstilsig både til Styggevatnet og Tunsbergdalen, og Statkraft har på den måten halde tilbake store vassmengder frå Jostedøla. Det viser at kraftreguleringar har veldig mykje å seie i slike ekstreme flaumsituasjonar.


- Både Jostedal- og Leirdøla kraftverk går for fullt. Det har òg ført til at 60 kbm/sekund ikkje har kome i sjølve Jostedøla. Statkraft vil i etterkant av denne rekne på kor stor flaumen ville vore utan regulering i Jostedalen, men akkurat no er fokuset på å handtere situasjonen me er midt oppe i.

NÆR VEGEN: På fylkesveg 604 i Jostedalen er elva veldig nær vegen mange stader. (Foto: tipsar)

Framleis i beredskap

Statkraft vil halda situasjonen under oppsikt utover søndagen, og følgja utviklinga med tanke på tilsig og vassføring.


- Det er ikkje meldt så sterk nedbør utover dagen og me håpar også på litt kaldare vêr. Men me er framleis i beredskap, og situasjonen er på ingen måte over for vår del, seier Norman Kjærvik.


Les meir om: Nyhende Video Vêr

Siste saker Gå til framsida