FLAKS: Både han og dei som redda Andreas trudde han var død.

- Så utruleg flaks som det går ann å få

Publisert 20.02.2019 kl. 20.35. Oppdatert kl. 20.40.

Han berga livet etter snøskredet i Frudalen.


No deler Andreas Vold erfaringane sine med andre fjellentusiastar på Fjellsportfestivalen med føredraget "Fanga i skredet".

FULLT HUS: Mange hadde møtt opp for å få med seg føredraget "Fanga i skredet".

Trudde han var død

- Viss du er på fjellet og ser ei feit linje, då er det vanskeleg å snu. Det er kjipt. Men det er endå kjipare å liggje i botnen av den sklia, under fire meter snø og vere dø, seier Andreas.


Då Andreas vart ramma av snøskredet trudde han at han hadde døydd. Det trudde og dei som var ute og leitte etter han. 


Ein heilt vanleg dag

Det starta som ein heilt vanleg dag. Andreas hadde vore på jobb, og ville ut på ski.


Denne februardagen i 2017 vart han truffe av eit snøskred. Andreas vart funne etter å ha låge seks og ein halv time åleine i vinterfjellet.


Han var hardt skada, og etter å ha vorte frakta til sentralsjukehuset i Førde måtte han vidare til Haukeland. Der vart han lagt i kunstig koma. Tre dagar seinare vakna han til. Men det tok lang tid før han var ute av «bobla», som han kalla det.


Bodskap til publikum

- Det er vanskeleg å lære av andre sine feil, det går nesten ikkje, seier Andreas til publikum.


Men han hadde ein bodskap til publikum på føredraget.


- Det viktigaste å ha med seg på skitur, er skredsøkar, varme klede, niste. Men det aller viktigaste er å ha med seg hovudet.