REAGERER: - Historielaust, skriv LVK om ekspertutvalet si innstilling. (Arkivfoto)

- Forslaget er ei krigserklæring mot distrikts-kommunar

Dette er historielaust og dramatisk forslag frå ekspertutvalet.

Publisert 12.10.2019 kl. 09.30.

Det skriv Landslaget for Vasskraftkommunar (LVK) til forslaget om ny skattlegging av kraftverk, som blant anna inneber at alle dei kommunale ordningane blir oppheva.


Krigserklæring

- Forslaget er ein krigserklæring mot dei 175 distriktskommunar som har avstått sine naturressursar til vasskraft. For vertskommunane er forslaget et fundamentalt løftebrot. Forslaget om å oppheva ordningane som lovfestar kommunane sine rettmessige krav på ein andel av vasskraftverdiane no, etter at det meste av vasskrafta er bygd ut, er eit dramatisk brot på den samfunnskontrakten som har eksistert mellom stat, kraftutbyggjar og vertskommunane i meir enn 100 år. Forslaget vil føra til massiv motstand mot fornuftige rehabiliteringar i alle vasskraftkommunane, heiter det.


Så mykje vil kommunane i Sogn tapa.


Omfordeling

Utvalet meiner staten skal ha ein større del av vasskraftformuen og føreslår å oppheva ordninga med konsesjonsavgifter, konsesjonskraft og i realiteten også eigedomsskatt på vasskraft. Omfordelinga er på 3,7 milliardar kroner frå kommunane til staten, fire milliardar dersom fylkeskommunane blir rekna med. Sogn og Fjordane har kring 11,5 prosent av vasskraftproduksjonen i Noreg. Med dette som bakgrunn vert tapet for kommunar og fylke liggja kring 460 millionar i året. Endring av grunnrenteskatt for småkraftverk. 1 TWh vil utgjera mellom 50-100 millionar årleg, slik at samla tap vil utgjera over ein halv milliard årleg, skriv Rune Nydal i ein e-post til redaksjonen.


Feil medisin

Også Energi Norge meiner utvalet føreslår feil medisin. Ekspertutvalet blei nedsett etter krav frå bransjen som har bede om endringar av grunnrenteskatten. Endringskravet frå bransjen er grunngjeve med at grunnrenteskatten har hindra fornuftige oppgraderingar av gamle vasskraftverk og effektutbygging. Kommunane har støtta kraftbransjen i dette kravet.


Strid

- No føreslår utvalet, stikk i strid med tilrådingane frå råka partar, å behalda den statlege grunnrenteskatten og i staden fjerne alle dei kommunale ordningane, som konsesjonsavgiftene, konsesjonskraft, og eigedomsskatt, ved at produksjonsutstyr og installasjonar og fallrettene skal ut av verdigrunnlaget.


LVK meiner forslaget vil føra til massiv motstand mot vasskraftutbyggingar.


- Vasskrafta sitt fortrinn er at den er fornybar, og klimavenleg. Den har ingen utslepp til atmosfæren. Noreg og verda vil trenga meir fornybar energi. Bransjen meiner grunnrenteskatten slik den no er forma, er til hinder for nye investeringar i vasskraft. Likevel føreslår utvalet at den statlege skatten skal haldast oppe. Skatteletten skal i staden takast frå kommunane. Forslaget gir større inntekter til staten og mindre inntekter til vertskommunane, skriv LVK.


Brot

LVK meiner at forslaget ikkje berre er eit brot på samfunnskontrakten, det er historielaust og fjernt frå røyndomen.


- Å fjerna kommunanes lovbestemte rettar til ein del av verdiskapinga frå vasskraft vil føra til ein massiv motstand frå dei lokalsamfunna som må tola de ulempene som kvar ei vasskraftutbygging fører med seg. Dette politiske og samfunnsmessige perspektivet ser det ikkje ut til at utvalet har fått med seg.


Feil forståing

LVK skriv vidare at Utvalets forslag om endringar i eigedomsskatten vil redusere kommunanes inntekter frå 1550 millionar kroner til 550 millionar kroner.


- Grunngjevinga for endringane i eigedomsskatten ser ut til å byggja på ein feil forståing om kva som gjeld for andre verksemder. For alle andre energianlegg skal nettopp desse anleggsdelane inngå. Med utvalets forslag vil berre verdien av bygning og tomt inngå. Det reflekterer ikkje dei reelle verdiane av eit vasskraftverk, slik eigedomsskattelovas grunnregel tilseier.


Historielaust

Det aller meste av norsk vasskraft er offentleg eigd, anten av staten eller av kommunar og fylkeskommunar. Kven som sit på det kommunale eigarskapet er derimot tilfeldig. Tidlegare var det slik at det gjerne var de store byane som stod for utbygginga sidan kraftbehovet her var størst. For at distrikta ikkje skulle bli sitjande att i mørket, blei vertskommunane, der vassfallet ligg, gjeve ein lovbestemt rett til kraft. Dette blei gjort for å likebehandla bykommunane og landkommunane.


Les meir om: Nyhende Vasskraft

Siste saker Gå til framsida