- MÅ FRAMSKUNDAST: - Lisensjakta må framskundast, seier Ole Bjarne Hovland, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. (Foto: Bondelaget)

- Føler det som ein hån at dei ikkje får skyta ulven

Bondelaget ber om at lisensjakta blir framskunda.

Publisert 29.10.2019 kl. 16.44. Oppdatert kl. 16.59.

- Det er stor frustrasjon over ulven i Ytre Sogn og Sunnfjord.


Dets seier Ole Bjarne Hovland, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.


Avslo søknaden

Han meiner situasjonen er uhaldbar etter at Fylkesmannen tidlegare i oktober avslo søknaden om å forlenga skadefellingsløyvet på ein ulv i Ytre Sogn og Sunnfjord.


- Det har vore jegerar som har hatt ulven i siktet. Dei har stått 130 meter frå han, og kunne felt han. Løyvet gjekk ut 15. oktober, og berre ei veke seinare har dei han på skothald, men har då plutseleg ikkje lov å skyta han lengre. Det er så frustrerande at det er vanskeleg å finna ord.


- Folk er forbanna

Ifølgje Hovland hadde dei fått til eit bra opplegg med hjortejegerar som var klar til å fella ulven.


- Men diverre vart ikkje skadefellingsløyva forlenga. Ulven er difor freda per dags dato. Vedtaket er klaga inn til Miljødirektoratet, men ingen veit kor lang tid det går å behandla klagen.


Hovland fortel at det er mange i området som driv med beitedyr, og at dei er opprørte over situasjonen.


- Dei føler det som ein hån når dei bur i eit beiteprioritert område og Staten har sagt at ulven ikkje skal vera der, og så får me likevel ikkje skyta ulven når me har best sjanse.


Framskunda lisensjakta

- Lisensjakta tek til 1. desember, men det er for seint. Sporsnø er avgjerande for å finna ulven, og snøen i Ytre Sogn og Sunnfjord kan like fort koma i november som i desember, seier Hovland, som fryktar ein blodig sommar dersom ikkje ulven er vekke før beitedyra kjem ut att neste år.


Les meir om: Nyhende Landbruk Årdal