- Bruk jula til å laga barn!

I fjerde episode av Bak disken møter du Anneli Finsrud Nesteng og Marie-Helene Hollevik Brandsdal.

Publisert 16.12.2016 kl. 21.00.

Dei to damene representerer Årdal. Den eine som kraftverkssjef for Hydro, og den andre som lokalpolitikar. To damer med status, men har dei same statusen når det gjeld å bake til jul?


 


Bertas kaker

Anneli er tilflyttar frå Sarpsborg, men har gjort vestlending av seg. Her kjem ho nærmare naturen ho set så høgt.


Når me møter ho i media er det stort sett når Hydro har noko på hjartet. I denne episoden blir du betre kjent med den eigentlege Anneli.


Ho fortel mellom anna om kva som er favoritthytta, om tur over Grønlandsisen, og sjølv får ho oppklart ei mistyding om kva ho kallar Bertas kaker.


Prestisje

Marie-Helene er husmor og politikar. Det står ein god del prestisje på spel når det kjem til baking. Ei ekte årdalsjente som diggar tøffe damer.


Ho brenn for nærmiljøet og ynskjer alle som flyttar ut skal flytte heim att.


Saman med Anneli finn ho eit par løysingar som kan hjelpe den eine og andre.


- Jula er tid for nærleik og samkvem, kvifor ikkje nytte anledninga til å bidra til auke til fødselsraten i same slengen, er oppfordringane frå damene bak disken.


 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Video